Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Revidert nasjonalbudsjett 2013 og Kommuneproposisjon 2014

Fylkesmannen har utarbeida ein kortfatta oversikt på dei viktigaste endringane i kommuneopplegget for 2013 og 2014.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.05.2013

 

Revidert nasjonalbudsjett 2013

Det er berre mindre justeringar i kommuneøkonomien i samband med revidert nasjonalbudsjett (RNB). Skatteanslaget for kommunesektoren er uendra samanlikna med anslaget i nasjonalbudsjettet 2013.

I nasjonalbudsjettet for 2013 blei kommunesektoren kompensert for berekna pris- og lønnsvekst på 3,3 %. I RNB 2013 vert deflatoren justert til 3 %. Lønnsvekstanslaget er justert ned til 3,5 % basert på ferdigforhandla lønnsoppgjer.

Økonomisk opplegg for 2014 for kommunane

Regjeringa føresler ein realvekst i kommunanes samla inntekter i 2014 til mellom 5 og 5,5 mrd. kroner. (Rekna frå RNB-nivå 2013). Av veksten vil mellom 4 og 4,5 mrd. kroner vere frie inntekter. Dette tilsvarar ein realvekst i frie inntekter i 2014 på 1,6 % - 1,8 %.

Inntektsveksten må sjåast i samanheng med auka utgifter for kommunane som følgje av folketalsvekst, endringar i den demografiske samansetjinga og auke i pensjonskostnader. Departementet antek at om lag 2,5 mrd. kroner av veksten i frie inntekter i 2014 vil gå med til å dekke meirutgifter knytta til den demografiske utviklinga (primært auke i tal eldre). Kor stor veksten i pensjonskostnadene blir, er enno usikkert. Anslag på dette blir lagt fram i nasjonalbudsjettet for 2014.

I vedlegget til høgre kan du laste ned vårt informasjonsbrev.