Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Framlegg til nytt inntektssystem for kommunane

Framlegget legg opp til at kommunar framleis skal få kompensasjon for utgifter med årsak i lange reiseavstandar som følgje av spreidd busetnad. Kommunar med korte reiseavstandar til nabokommunar og som frivillig vel å stå åleine, vil få lågare tilskot enn i dag. Ein større del av tilskota skal kome pr. innbyggjar, og noko mindre pr. kommune.

 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.12.2015

 Oppsummering av framlegget til nytt inntektssystem:

  • Framleis kompensasjon for utgifter til tenester med årsak i lange reiseavstandar som følgje av spreidd busetnad
  • Inntektssystemet skal ikkje motverke endringar i kommunestruktur
  • Det blir gjort skilnad mellom kommunar som er ufrivillig små på grunn av lange      reiseavstandar til nabokommunar og kommunar med kortare reiseavstandar 1).  Kommunar som frivillig vel å stå åleine vil få lågare basistilskot 2)
  • Framlegg om forenkla og meir målretta regionalpolitiske tilskot gjer at ein større del   av tilskota skal kome pr. innbyggjar og noko mindre pr. kommune. Det skal og leggast meir vekt på distriktsutfordringar målt etter ein distriktsindeks 3)
  • Kommunar som slår seg saman får behalde basistilskot og regionalpolitiske tilskot      som i dag uavkorta i 15 år, og deretter vert det ei nedtrapping over fem år.

Ettersom dette er eit framlegg med ulike modellar og alternativ, er det vanskeleg å gjere nærmare berekningar for kvar kommune. Framlegget blir eit tema i folkevaldopplæring til Fylkesmannen for kommunane i januar og februar.

1) Jf. kapittel fem i framlegget frå side 52, der gjennomsnittleg reiseavstand for å nå 5000
     innbyggjarar er eit nytt kriterium. Grenseverdiane er 25,4 km, 16,5 km og 13,3 km.  
     Gjennomsnittleg reiseavstand for kvar kommune er berekna i vedlegg 1.
2) Basistilskotet er likt for alle kommunar, 12,9 mill. kroner i 2015.
3) Regionalpolitiske tilskot for kommunane i Sogn og Fjordane er i 2015:
          -   Småkommunetilskotet for kommunar under 3200 innb., 5,5 mill. kroner pr.  
               kommune og 13 kommunar får dette i tilskotet
          -    Distriktstilskot Sør-Noreg for kommunar over 3200 innb. og varierer for kvar 
               kommune etter kva distriktsutfordringar kommunen har (jf. Grønt hefte 2015 
               side 207). Til saman får åtte kommunar i vårt fylke 42 mill. kroner (Høyanger, 
               Årdal, Luster, Bremanger, Vågsøy, Eid, Gloppen og Stryn).
          -   Veksttilskot (Sogndal 2,1 mill. kroner)

 

  Lenke til forslag til nytt inntektssystem i kommunane