Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Kostra-rapportering 2017

Kommunane, interkommunale selskap og kommunale føretak skal rapportere elektroniske skjema og filuttrekk til Statistisk sentralbyrå (SSB) innan 15. februar 2018.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 12.12.2017

Elektronisk rapportering kan skje frå og med 2. januar 2018. Frist for rapportering av helse- og omsorgstenester og klientdata frå IPLOS i tillegg til sosialhjelp, kvalifiseringsstønad,  barnevern og helse- og omsorgsinstitusjonar, er sett til 15. januar 2018.

For rapportering av øvrige tenesteskjema og rekneskapsdata er fristen 15. februar 2018.
Kommunar som ikkje har bestemte ordningar eller ikkje har mottakarar for sosialhjelp det aktuelle året, skal likevel sende inn Kostra-skjema for desse ordningane og krysse av på skjema at dei ikkje har noko å rapportere. Dette for å unngå purring frå SSB.

Meir informasjon om rapporteringa finn de i brev frå SSB frå 1. november 2017, som er sendt kommunane og fylkeskommunane, og innrapportering for IKS frå same dato. I breva finn de viktige fristar, endringar for 2017-rapporteringa, nye formidlingsløysingar i Kostra, og informasjon om rapportering.

Treng du assistanse i samband med rapporteringa har SSB si eiga brukarteneste. Spørsmål kan stillast til: kostra-support@ssb.no  eller til telefon nr. 62 88 51 70.

Oversikt over skjema for 2017-rapporteringa finn du her.

Her er lenke til SSB Kostra-innrapporteringsside.

Sjå brev frå KMD om endringar i Kostrarapporteringa frå 2018, til høgre i artikkelen.