Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Kostra-rapportering 2016

Kommunane, interkommunale selskap og kommunale føretak skal rapportere elektroniske skjema og filuttrekk til Statistisk sentralbyrå (SSB) innan 15. februar 2017.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 06.12.2016

Elektronisk rapportering kan skje frå og med 2. januar 2017. Frist for innrapportering av klientdata frå IPLOS i tillegg til barnevern, sosialhjelp, introduksjonsstønad og kvalifiseringsstønad er sett til 15. januar 2017.  Denne fristen gjeld og for skjema 4 - helse og omsorgstenesta og skjema 5 - helse- og omsorgsinstitusjonar.

For rekneskapsdata og alle andre elektroniske skjema er fristen 15. februar 2017. Kommunar som ikkje har bestemte ordningar eller ikkje har mottakarar for sosialhjelp det aktuelle året, skal likevel sende inn Kostra-skjema for desse ordningane og krysse av på skjema at dei ikkje har nokon mottakarar. Dette for å unngå purring frå SSB.

Her er lenke til SSB Kostra-innrapporteringsside.

Treng du assistanse i samband med rapporteringa har SSB ei eiga brukarteneste. Tenesta er bemanna i perioden 2. januar - 15. april. Spørsmål kan stillast i e-post til:

kostra-support@ssb.no eller til tlf.nr. 62 88 51 70.

Meir informasjon om rapporteringa finn de i brev frå SSB innrapportering av 1. november 2016, som er sendt kommunane og fylkeskommunane, og innrapportering IKS  frå same dato.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i brev av 2. november 2016 orientert om enkelte endringar i rekneskapsrapporteringa, og presiseringar i funksjon og artar i kontoplanrettleiaren. Sjå brev frå KMD her.

 

 

Kontaktpersoner