Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Bremanger kommune med godkjent budsjett og økonomiplan

Bremanger kommune sitt vedtak om revidert budsjett 2016 med låneopptak på 3 mill. kroner i Husbanken er godkjent av Fylkesmannen.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 19.10.2016

Bremanger er Robek-kommune og Fylkesmannen skal føre lovlegkontroll av budsjettvedtak, og godkjenne låneopptak og økonomiplan. Kommunen sitt budsjett- og økonomiplanvedtak frå desember 2015 vart ikkje godkjent av Fylkesmannen. Kommunestyret har derfor på nytt handsama og vedteke eit revidert budsjett for 2016 og ein revidert økonomiplan 2016 – 2019.

Etter Terra-sakene har kommunen ved utgangen av 2015 eit akkumulert underskot på 100,7 mill. kroner. Etter lovverket skal 75,7 mill. dekkast innan 2018 og resterande 25 mill. kroner innan 2021. Kommunen har budsjettert med ei inndekning på 73,9 mill. innan 2018, og dei resterande 26,8 mill. kroner skal dekkast i 2019. I det reviderte 2016-budsjettet er det ikkje gjort endringar i drifta for tenesteområda, men frå 2017 er det budsjettert med netto årlege reduksjonar mellom 8,5 – 10 mill. kroner. Kommunen legg opp til investeringar i 2016 på 53 mill. kroner. Finansieringa er i hovudsak bruk av kapitalfond med 33 mill. kroner og kompensasjon meirverdiavgift på 10 mill. kroner. Kommunen låner 3 mill. kroner i Husbanken for vidare utlån.

Sjå brev til kommunen

 

Kontaktpersoner