Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Bremanger kommune med godkjent budsjett og økonomiplan

Fylkesmannen godkjenner Bremanger kommunestyre sitt vedtak for budsjett 2013 og økonomiplan 2013 - 2016. Låneopptak er godkjent med 12,3 mill. kroner.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 25.03.2013

Kommunestyret har vedteke eit drifts- og investeringsbudsjett i balanse. I 2013 legg kommunen opp til eit investeringsbudsjett på 53,4 mill. kroner, der investeringar i anlegg utgjer kr. 52,3 mill. kroner. Investeringane er planlagt finansiert med lån 40,6 mill., tilskot 7 mill. og overføring frå drift (momskompensasjon) 5,8 mill. kroner. 28,3 mill. kroner av dette høyrer til prosjekt som vart godkjent i 2011 og 2012, men som ikkje vart gjennomført. Dei største investeringane er innanfor pleie- og omsorg, skule og oppvekst og VAR-området.

Akkumulert underskot er 170 mill. kroner ved inngangen av 2013. Kommunen ligg etter planen for inndekning av akkumulert underskot, som skal vere ferdig innan 2018. Negative verdiendringar på finansielle derivat er hovudårsaka til dette. For perioden 2013 - 2016 er det budsjettert med ei inndekning på 114 mill. kroner, som er 1,7 mill. kroner lågare enn planen som vart vedteken i 2012.

Sjå brev til kommunen her Godkjenning av budsjett og ØP 2013.  

Kontaktpersoner