Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Bremanger kommune fekk lenger tid til å dekkje inn underskot

Kommunen søkte om tre år ekstra, og fekk søknaden delvis innvilga. Underskota som oppstod i 2007 og 2008 må dekkast innan 2017 og 2018. Underskotet på 25 mill. kroner i 2014 må dekkast inn over sju år, innan utgangen av 2021.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 24.02.2016

Etter Terra-saka fekk Bremanger kommune godkjent ein plan på 10 år for å dekkje inn eit akkumulert underskot, som var 230,4 mill. kroner i 2008. Kommunen søkte difor om tre år ekstra til inndekning av underskotet. Ut i frå dette planla kommunen at 43 mill. kroner av underskotet skal dekkast i perioden 2019 til 2021. 

I tillegg til Terra-saka har kommunen fått store verditap på derivatavtalar inngått i 2006 og 2007. Kommunen grunngav søknaden med at desse tapa først vart ei sak (ikkje kjende) etter at kommunen fekk godkjent 10 år for inndekning og meiner difor at verditapa på derivatavtalane må sjåast på som nye tap med lenger tid til inndekning.

Kommunelova set klare grenser for kor lang tid kommunane kan bruke til å dekkje eit underskot. Fylkesmannen kan godkjenne inntil fire år og Kommunal- og moderniseringsdepartementet inntil 10 år.

Med grunnlag i vedtaket til departementet vil Fylkesmannen handsame kommunen sitt budsjett for 2016 og økonomiplan 2016 – 2019.