Statsforvalteren fikk nytt og kjønnsnøytralt navn 1. januar 2021. Det gamle navnet vårt var Fylkesmannen.

Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Utlysing av fornyingsmidlar for 2019

Fylkesmannen har sett av 5,5 mill. kroner av skjønnsmidlane for 2019 til fornying og innovasjon i offentleg sektor.

Denne saken er skrevet før 1.1. 2021 da Fylkesmannen endret navn til Statsforvalteren.

Publisert 11.12.2018

Det vert ei utlysing av fornyingsmidlane og søknadsfristen er sett til 1. mars.

Fylkesmannen har fastsett føringar for midlane i samråd med KS.

Prosjekt som ligg innafor eitt eller fleire av desse områda vil bli prioriterte:

  1. Kommunale tenester til:
    - helse og omsorg t.d. velferdsteknologi og auka krav innanfor rus og psykiatri
    - barnehage- og skulemiljø
    - barnevern eller barn som er utsette for vald og overgrep

     2. Digital forvaltning, med vekt på brukarvenlege tenester og innhald:
         - samarbeidsprosjekt som gjer at flest mogeleg av kommunane i fylket
           brukar same kompetanse- og teknologiplattform, vert prioriterte

     3. Samfunnsutvikling til dømes på desse områda:
          - rekruttering
          - interkommunalt planarbeid til dømes om folkehelse, massedeponi,
            oppdrett og akvakultur
          - kommunale planverktøy og digitale kart
          - samfunnstryggleik og beredskap
          - klimatilpassing eller tiltak for å redusera klimagassutslepp

     4. Interkommunale utviklingsprosjekt:
         - utgreiingar som grunnlag for vidare prosessar i kommunereforma
         - tenestesamarbeid på område der det har oppstått endringar som følgje av
           kommunereforma
         - samarbeid om skogbruks- og landbruksforvaltninga

I menyen til høgre finn du utsendt brev til kommunane med nærare orientering om fornying og innovasjon i offentleg sektor for 2019. Du finn og lenke til databasen - Prosjektskjønn - som skal nyttast til innsending av søknader og til rapportering på prosjekt. Du finn meir informasjon om databasen i brevet.