Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Utlysing av fornyingsmidlar for 2018

Fylkesmannen har sett av 3,3 mill. kroner av skjønnsmidlane for 2018 til fornying og innovasjon i offentleg sektor.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.12.2017

Det vert ei utlysing av fornyingsmidlane og søknadsfristen for kommunane er sett
til 1. mars.

Fylkesmannen har fastsett føringar for midlane i samråd med KS.

Prosjekt som ligg innafor eitt eller fleire av desse områda vil bli prioriterte:

1. Kommunale tenester til:
    - asylsøkjarar og busetjing og integrering av flyktningar
    - helse og omsorg, til dømes velferdsteknologi og auka krav innanfor rus og psykiatri

2. Digital forvaltning, med vekt på brukarvenlege tenester og innhald

3. Tverrfagleg samordning mellom tenester for barn og unge:
     - vald og overgrep mot barn
     - barnevern
     - barnehage- og skulemiljø

4.  Samfunnsutvikling og lokaldemokrati til dømes på desse områda:
     - planarbeid mellom anna med vekt på folkehelse
     - rekruttering
     - klimatilpassing

Her finn du brev til kommunane med nærare orientering om fornying og innovasjon i offentleg sektor for 2018.

Databasen - Prosjektskjønn - skal nyttast til fornyings- og innovasjonsprosjekt. Søknader skal sendast inn via denne løysinga, og rapportering på prosjekta skal også gjerast her. Du finn meir informasjon om dette i brevet. Lenke til portalen finn du i menyen til høgre.