Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Utlysing av fornyingsmidlar 2016

Fylkesmannen har sett av 5 mill. kroner av skjønnsmidlane for 2016 til fornying og innovasjon i offentleg sektor.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 14.01.2016

I tillegg er det disponibelt ca. 500 000 kroner som tilbakeførte midlar frå tidlegare prosjekt som ikkje vart gjennomførte. Pågåande prosjekt som det tidlegare er vedteke å bruke skjønnsmidlar på i 2016 er fullføring av Robek-nettverket  og involvering av ungdom i kommunereforma.

Det vert ei  utlysing av fornyingsmidlar i 2016 og søknadsfristen for kommunane er sett til 1. mars.

Fylkesmannen har fastsett føringar og fordeler midlane i samråd med KS.

Prosjekt som ligg innafor eit eller fleire av desse områda vil bli prioriterte:

1. Kommunale tenester til asylsøkjarar og busetjing og integrering av flyktningar.
2. Digital forvaltning, med vekt på brukarvenlege tenester og innhald.
3. Samfunnsutvikling og lokaldemokrati, til dømes på desse områda:
           - Planarbeid, mellom anna med vekt på folkehelse
           - Rekruttering
           - Velferdsteknologi
4. Tverrfagleg samarbeid mellom tenester for barn og unge.

Her finn du brev til kommunane med nærare orientering om fornying og innovasjon i offentleg sektor for 2016.

Ny felles søknads- og rapporteringsløysing

Det er utarbeida ein ny søknads- og rapporteringsdatabase - ISORD - som frå og med 2016 skal nyttast i samband med fornyings- og innovasjonsprosjekt. Søknader skal sendast inn via denne løysinga, og resultat av tildeling og rapportering skal også gjerast her.

Informasjon om bruken av denne, blir sendt ut til kommunane.  

Lenke til søknads- og rapporteringsløysing finn du i menyen til høgre.

Kontaktpersoner