Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Tildeling av tilskot til fornying og innovasjon 2017

Fylkesmannen sette av 3,4 mill. kroner av skjønnsmidlane for 2017 til kommunale fornyingsprosjekt. I tillegg var det disponibelt ca. 500 000 kroner som er tilbakeførde midlar frå tidlegare fornyingsprosjekt som ikkje vart gjennomførde.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.08.2017

I 2017 har vi hatt ei utlysing med frist 1. mars, via databasen for prosjektskjønn. Totalt fekk vi inn 21 søknader, og vi har tildelt midlar til 15 av desse. Samla søknadssum var på ca. 9,1 mill. kroner.

Føringar for midlane i 2017 var: 1. Kommunale tenester til - asylsøkjarar og busetjing og integrering av flyktningar - helse og omsorg, til dømes velferdsteknologi og nye krav innanfor rus eller psykiatri - barnevern, interkommunalt samarbeid om akuttberedskap

2. Digital forvaltning, med vekt på brukarvenlege tenester og innhald

3. Samfunnsutvikling og lokaldemokrati, til dømes på desse områda: - planarbeid, mellom anna med vekt på folkehelse - rekruttering - klima og det grøne skiftet

4. Tverrfagleg samarbeid mellom tenester for barn og unge

Sjå: Tildelingsliste fornyingsmidlar 2017