Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Midlar til utvikling av by- og senterregionar

Regionen rundt Førde får 2,5 millionar kroner og regionen rundt Sogndal frå 1,74 millionar kroner. Regjeringa vil med dette stimulere til samspel mellom senter og omlandet, for slik å lege til rette for vekst og utvikling.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.07.2015

Midlane Førde, Florø, Gaular, Jølster og Naustdal skal nyttast til interkommunal næringsstrategi og til å etablere berekraftige og innovative nettverk.

I Sogndal, Luster og Leikanger skal midlane nyttast til å få auka utbyte av samhandling mellom næringslivet og kommunane, og å utnytte tilflyttingspotensialet og næringspotensialet i friluftsliv og aktivitetsbasert reiseliv, i tillegg til at kompetansemiljøa i kommunane skal koplast til innovasjon og nyskaping.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet fordeler 87 millionar kroner til by- og senterregionar i heile landet. I alt 37 byregionar med over 220 kommunar skal delta i utviklingsprogrammet for byregionar.

Les meir i pressemeldinga frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Kontaktpersoner