Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Korleis kan kommunane få ei enklare rapportering?

Dette er spørsmålet det nye forskings- og utviklingsprosjektet «Rapporteringskrav mot kommunane: eit nedanfrå-og-opp-prosjekt» skal sjå nærare på. Regionalt forskingsfond Vestlandet gjev 200 000 kroner til prosjektet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 09.10.2013

Initiativtakarane til FoU-prosjektet er Fylkesmannen, fylkeskommunen, NAV og KS. Dei startar no opp eit forprosjekt som ser nærare på omfanget, nytten og relevansen i dei statlege rapporteringskrava som kommunen møter. Hovudprosjektet skal gjennomførast i 2014.

Eit nasjonalt effektiviseringspotensial

Målet er fornying og effektivisering i dagens rapporteringsregime, noko som kan gagne heile det norske samfunn.

Mens tidlegare forskingsprosjekt har tatt utgangspunkt i staten sitt perspektiv på kommunane, ønskjer dette prosjektet å sjå det frå kommunen sitt perspektiv. Ein vil undersøke korleis kommunane ser på omfanget, relevansen og nytten av rapporteringa.

Forsking som skal innovere offentleg sektor

Prosjektet skal foreslå modellar som gjev ein meir effektiv bruk av dei kommunale ressursane, og ein betre deling av styringsinformasjon mellom stat og kommune.

Initiativtakarane har fått med seg Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane til å gjennomføre prosjektet. Dei 200 000 kronene frå Regionalt forskingsfond Vestlandet er kvalifiseringsstønad. I tillegg legg initiativtakarane inn ei eigenfinansiering på til saman 135 000 kroner.

Les svarbrevet frå Regionalt Forskingsråd Vestlandet.