Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Jodtablettar som ein del av eigenberedskap

Jodtablettar står på DSB si liste over kva som er tilrådd å ha heime. Tablettane kjem for sal utan resept i apoteka 1. november 2018.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 25.10.2018

Dersom det kjem eit utslepp av radioaktivt jod, anten frå skip langs kysten vår, eller etter ei atomulykke i Europa vil jodtablettar lagra i heimen vere ein viktig del av eigenberdeskapen.

Ved ei ulykke med speiing av radioaktivt jod vil myndigheitene kunne tilrå at alle oppheld seg inne i opptil 2 døgn. Det er difor viktig å lagre jodtablettane heime.

Det er barn under 18 år, gravide og kvinner som ammer som har størst risiko for å få kreft i skjoldbruskkjertelen etter å ha blitt utsett for radioaktivt jod. Personar over 40 år har liten risiko for å få kreft i skjoldbruskkjertelen og treng vanlegvis ikkje jodtablettar.

Sjå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) sin kampanje "Du er en del av Norges beredskap" og Fylkesmannsbloggen.

Informasjon på fleire språk på Statens strålevern si heimeside.