Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Uforsvarleg helsehjelp til pasient som døydde etter fall

Fylkesmannen meiner pasienten som trilla utfor ei trapp og døydde fekk uforsvarleg helsehjelp.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 26.09.2018

Fylkesmannen har komme fram til at pasienten som døydde etter å ha trilla utfor ei trapp på Førde sentralsjukehus ikkje fekk forsvarleg helsehjelp. Pasienten vart kartlagt og hadde auka risiko for fall. Sjølv om pasienten fekk fallførebyggande tiltak, meiner vi at desse ikkje møtte pasientens faktiske tilstand.

Helse Førde har i etterkant av ulykka utarbeidd ei hendingsanalyse med moglege årsaker til ulukka. Helse Førde vil med bakgrunn i analysen utarbeide ein plan for vidare oppfølging. Dette er i tråd med plikta til å systematisk arbeide med kvalitetsforbetring. Fylkesmannen har fått kopi av analysen og har bedt om å få kopi av planen.

Fylkesmannen har ikkje vurdert tilhøva kring sjølve ulukka, men helsehjelpa pasienten fekk fram til ulukka skjedde.

Kontaktpersoner