Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Uforsvarlege tenester til sjukeheimspasient

Fylkesmannen har konkludert i tilsynssak som gjeld helse- og omsorgstenestene til ein pasient innlagd på ein kommunal institusjon i fylket.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 31.03.2017

Pasienten var alvorleg sjuk og hadde sterke smerter, angst og uro. Pasienten fekk mellom anna smertelindring og væsketerapi. Etter innlegginga vart pasienten tilsett av legevaktslege som auka doseringa av smertestillande og roande medisinar. Legen dokumenterte ikkje opplysningane frå tilsynet i journal. Medisinane kunne føre til pustevanskar. Etter at pasienten hadde fått meir smertestillande og roande legemiddel følgde ikkje personalet godt nok med på korleis medisinen verka. Etter fleire timar vart pasienten funnen medvitslaus.

Fylkesmannen konkluderte med at verksemda ikkje hadde sikra at dei individuelle behova til pasienten vart ivareteke. Legemiddelbehandlinga var ikkje forsvarleg, og verksemda hadde ikkje sikra forsvarleg legemiddelhandtering. Journalføringa var heller ikkje i samsvar med regelverket.