Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Uforsvarleg hjelp til person med alvorleg psykisk liding

Fylkesmannen opna tilsynssak mot primærhelseteneste og spesialisthelseteneste etter at ein person med langvarig psykisk liding vart funnen død i omsorgsbustad.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 06.03.2017

Personen var ikkje under tvungen psykisk helsevern og ønskte heller ikkje helse- og omsorgstenester. Det var ikkje vedtak om å yte tenester til personen. Personen hadde vore under tvunge psykisk helsevern tidlegare, men spesialisthelsetenesta hadde ikkje søkt om forlenging av tvangsvedtaket. Det vart ikkje gjort vurdering av nytt tvangsvedtak eller andre tiltak over ein lengre periode, sjølv om det var teikn på at personen var i ferd med å bli sjukare.

Vi har konkludert med at avdøde ikkje fekk forsvarlege helse- og omsorgstenester frå verken primær- eller spesialisthelsetenesta. Kommunen skulle ha reagert da observasjonar tydde på at personen vart sjukare. Spesialisthelsetenesta hadde ikkje gode rutinar for oppfølging av vedtak knytt til tvungent psykisk helsevern og ikkje rutinar som sikra at pasienten vart følgt opp.