Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Trygg tilsetting – betre kontroll av legevikarar

Dei siste åra har vi i fylket sett fleire døme på at legevikarar i kommunehelsetenesta har vist alvorleg inkompetanse eller vore personeleg ueigna til å arbeide. Kommunen har ansvar for å sikre at vikarar har rett utdanning og at helsetenesta er forsvarleg.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 11.08.2014

For å redusere risikoen for at dette skal gjenta seg, vil vi minne om gode reglar for tilsettingar i helsesektoren. Desse gjeld også når ein brukar vikarbyrå. Helsedirektoratet har gitt ut rettleiaren Gode rutiner – gode tilsettinger. Veileder for arbeidsgivere i helsetjenesten ved tilsetting av helsepersonell. Her er nokre viktige punkt frå rettleiaren:

  • Kontakt alltid minst to referansar inkludert siste arbeidsgjevar, også ved tilsetting i vikariat
  • Kontroller om søkjaren har gyldig godkjenning
  • Undersøk om søkjaren har avgrensingar i lisensen
  • Be om dokumentasjon på tidlegare arbeidstilhøve og utdanning. Opplysningar i CV skal være dokumentert med signerte attestar eller tilsvarande gyldig dokument. Ver merksam på til dømes periodar med raske jobbskifte eller periodar da søkjaren ikkje kan gjere greie for CV-en
  • Gjennomfør intervju ved tilsetting i faste stillingar

Einskilde legar har verka påverka av rusmiddel når dei har vore på arbeid. Forskrift om pliktmessig avhold for helsepersonell gir arbeidsgivar (kommunen) rett til å pålegge helsepersonell å gje blodprøve eller anna prøve dersom arbeidsgivaren ved mistanke om rus. Ei slik prøve er naudsynt for å avklare situasjonen. Vi har sett fleire døme på at saker i etterkant vert vanskelege å følgje opp fordi slik prøve ikkje vart tatt.

Sundhedsstyrelsen i Danmark har gjeve ut eit skriv som kort omtalar dei ulike autorisasjons i nordiske land Autorisationsforhold i de nordiske lande – udveksling av oplysninger.

Autorisasjonsstatus for dei nordiske landa: