Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Tilskot til styrking av habilitering og rehabilitering

Kommunar kan søke tilskot til styrking av habilitering og rehablitering i kommunane innan 1. mai 2017.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.03.2017

Tilskot til styrking av habilitering og rehabilitering er eit av tiltaka i Opptrappingsplan for habilitering og rehabilitering 2017 – 2019 (Prop. 1S (2016 - 2017)). Tilskotet skal stimulere til tenesteutvikling i kommunane med mål om å styrke feltet. Det er eit mål at kommunane på sikt skal overta fleire oppgåver frå spesialisthelsetenesta, og at hovudtyngda av habiliterings- og rehabiliteringsinnsatsen skal skje i kommunane. Utfordringsbildet er skildra i Meld. St. 26 (2014-2015) Fremtidens primærhelsetjeneste, kapittel 21.

Mål for ordninga

Styrking i tråd med Opptrappingsplanen for habilitering og rehabilitering 2017 – 2019 og i samsvar med krav og tilrådingar i Veileder for rehabilitering og habilitering, individuell plan og koordinator. Innan utgangen av 2017 skal kommunen ha ein oppdatert plan for habilitering og rehabilitering.

Delmål:

a) Styrke pasientar og brukarars moglegheit til å oppretthalde og/eller få att si fysiske, sosiale og/eller psykiske meistringsevne.
b) Førebygge og utsette behov for kompenserande tenester.
c) Sikre tilbod i samsvar med befolkningas behov, mellom anna sikre fagleg innhald, kvalitet og kapasitet, jf. Meld. St. 26 (2014-2015) Fremtidens primærhelsetjeneste, med hovudvekt på kapittel 21.
d) Styrke samarbeidet med brukarorganisasjonar, spesialisthelsetenesta, andre sektorar og andre kommunale tenester.
e) Sikre at pasientar og brukarar får oppfylt retten til individuell plan og koordinator, og styrke koordinatorrollen.
f) Koordinerande eining er tilrettelagt for heilskaplege og koordinerte tenester på tvers av fag, nivå og etatar.

Målgruppe

Pasientar og brukarar med nedsett funksjons- og meistringsevne som kan ha nytte av habilitering og rehabilitering. Tilbodet må samsvare med breidden i målgruppas behov for sosial-, psykososial- og medisinsk habilitering og rehabilitering.

Tildelingskriterium

Tildelinga av tilskot skjer etter ei skjønnsmessig vurdering av søknaden. I vurderinga vert søknadens forventa måloppnåing i høve til måla for tilskotsordninga lagt til grunn, mellom anna

- at det er skildra tiltak for utarbeiding/oppdatering av kommunens plan for habilitering og rehabilitering. Korleis kommunen skal sikre tilbod i samsvar med befolkningas behov, og korleis tiltaka skal bidra til å oppfylle krav og tilrådingar som går fram av Veileder for rehabilitering og habilitering, individuell plan og koordinator må gå fram. Vi syner her til kriterium for måloppnåing under punkt 3 i regelverket for tilskotsordninga.
- at kommunen har synleggjort samarbeid med brukarorganisasjonar, spesialisthelsetenesta og aktørar utanfor helse- og omsorgstenestene
- at koordinerande eining er sentral i utarbeidinga av kommunes plan
- at søknaden er forankra på rådmannsnivå

Det vert lagt til grunn ein kommunal eigenandel. Tilskotsmidlane skal gå til stimulering av opptrapping i kommunen. Det må synleggjerast i finansieringsplanen for tiltaket korleis kommunen vil sikre styrking/omstilling i tenestene med auka vekt på habilitering og rehabilitering.

Korleis søke

Vedlagde søknadskjema skal brukast.

Søknaden skal sendast til:

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger

Rapportering på motteke tilskot

Rapporteringsfrist for 2017 og krav til rapportering går fram av tilskotsbrevet. Rapportering skal utførast på eige rapporteringsskjema.

Les meir i regelverket for tilskotsordninga.