Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Legeattest og automatiske straummålarar

Fylkesmannen har fått førespurnader om utskriving av legeattest ved opplevd helserelatert ulempe ved installasjon av automatisk straummålar (AMS). Statens strålevern slår fast at strålinga frå AMS ikkje utgjer ein objektiv helserisiko. Helsedirektoratet har gitt føringar om at fastlegar ikkje skal gi ut legeattest for at AMS utgjer ein objektiv helserisiko.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 24.05.2018

Spørsmål om installasjon av AMS er i utgangspunktet ei sak mellom nettkunde og nettselskap. Nettkundar som kan dokumentere ein vesentleg ulempe ved installasjon av AMS kan søke nettselskapet om fritak frå kravet om installasjon av AMS, jf. endringsforskrifta § 4-1 andre ledd bokstav b. Ved usemje mellom nettkunde og nettselskap kan Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) treffe avgjerd, jf. endringsforskrifta § 4-1 tredje ledd. Frå heimesidene til NVE går det fram at nettkunden må kunne dokumentere ei slik ulempe med attest frå relevant helsepersonell (lege eller psykolog) om ulempa er helserelatert.  

Vår vurdering

Det må altså være tale om ei ulempe for nettkunden sjølv, der ulempa må vere vesentleg, og der ulempa må kunne dokumenterast. Dersom ulempa er helserelatert, må ulempa kunne dokumenterast av relevant helsepersonell.

Statens strålevern (SSV) slår fast at strålinga frå AMS ikkje utgjer ein objektiv helserisiko. Helsedirektoratet har i tråd med dette gitt føringar om at fastlegar ikkje skal gi ut legeattest for at AMS utgjer ein objektiv helserisiko.

Einskilde pasientar kan likevel ha lidingar som gjer at installasjon av AMS, men ikkje strålinga, vil kunne føre til ei forverring av lidinga. I slike tilfelle må helsepersonell vurdere om dette er tilfellet og då gi pasienten attest i tråd med dette. Slik attest er omfatta av forsvarlegkravet, jf. helsepersonellova § 4, og attestasjonskravet, jf. helsepersonellova § 15.

Emnet er vidare debattert i Utposten nr.2/2018 side 42 (blad for allmenn- og samfunnsmedisin).