Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot 2017

Kommunar og fylkeskommunar kan søkje om midlar til kompetansetiltak knytt til mellom anna psykisk helse og rus, opplæringstilskot knytt til brukarstyrt personleg assistanse og innovasjonsprosjekt. Frist 1. mai 2017. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 14.02.2017

Utfordringsbiletet slik det står i Meld St 29(2012-2013) Morgendagens omsorg kap 1.2.2 gjev overordna føringar for tilskotsordninga. Tilskotet skal stimulere kommunane til å møte framtidas utfordringar på helse- og omsorgsfeltet.

Kven som kan søkje: Kommunar og fylkeskommunar

Kommunar kan gjerne søkje i samarbeid med andre kommunar, helseføretak, næringsliv, frivillig sektor eller andre aktørar.

Tema: Kompetanseutvikling og innovasjon

År: 2017

Statsbudsjettreferanse: kapittel 0761, post 68, Helse- og omsorgsdepartementet

Søknadsfrist: 01. mai 2017

Målet for ordninga

Hovudmål:
Stimulere kommunane til kompetanseutvikling og innovasjon for å møte framtidas utfordringar på helse og omsorgsfeltet med berekraftige og gode tiltak og tenester.

Delmål:

  • sterkare brukarmedverknad og betre samspel med pårørande, frivillige og lokalsamfunnet
  • førebyggje og utsetje behov for kompenserande tenester og bidra til at brukerane opprettheld eller får att funksjonsevne og sjølvstende
  • styrka leiarkompetanse, fagutvikling, større fagleg breidd, tilstrekkeleg, kompetent og stabil bemanning
  • etisk refleksjon og kunnskapsbasert praksis

Målgruppe

Primærmålgruppa er brukarar av dei kommunale helse- og omsorgstenestene og deira pårørande.

Sekundærmålgruppe er leiarar, tilsette, frivillige og personar som kan rekrutterast til å arbeide i helse- og omsorgstenesta.

Tildelingskriterium og prioriteringar for ordninga:

Det vert gjeve tilskot til kompetansetiltak og innovasjonsprosjekt.

Følgjande søknader skal prioriterast:

  • Grunn-, vidare- og etterutdanning, medrekna opplæringstiltak for å styrke kompetansen i helse- og omsorgstenestene om rus og psykisk helse
  • Overgangsordning for studentar på tverrfagleg vidareutdanning i psykisk helsefeltet i 2014 og 2015. Ved utmåling av tilskotet for vårsemesteret 2017 gjeld same utrekningsreglar som vart nytta i 2015 (inkludert reisetilskot). 
  • Opplæring knytt til BPA med følgjande prioriteringsrekkefølgje:
    1. Opplæringstilskot for nye og etablerte brukarar/arbeidsleiarar
    2. Opplæringstilskot for kommunane sine sakshandsamarar
    3. Opplæringstilskot for assistentar
  • Innovasjonsprosjektet

Det vert prioritert midlar til nye tiltak og metodar innan:

  • førebyggjing, tidleg innsats og eigenmestring
  • fritidsaktivitet med assistanse
  • kulturopplevingar
  • ernæring
  • legemiddelhandtering
  • rehabilitering og habilitering
  • samspel med pårørande og frivillige i omsorgssektoren generelt og i demensomsorga spesielt
  • andre nyskapande løysingar som er viktige for brukarane av dei kommunale helse- og omsorgstenestene

Tiltak som har innovasjonsfellesskap med næringsliv og/eller utdannings- og forskningsinstitusjonar skal ha eit fortrinn. 

Tildelingskriterium

Alle søknader vil bli vurdert ut frå nokre generelle tildelingskriterium. I tillegg blir søknader innanfor kategoriane kompetanseutvikling og BPA vurdert ut frå særskilte tildelingskriterium. Sjå reglverket for nærare detaljar om tildelingskriterium.

Innovasjons- og kompetansetilskotet skal sjåast i samanheng med Kommunal- og moderniseringsdepartementets skjønnstilskot, som også kan brukast til kommunal innovasjon og utvikling.

Andre opplysningar

Det blir som hovudregel lagt til grunn ein kommunal eigenandel. Dersom kommunen tar mot andre statlege tilskot der det er lagt inn ein føresetnad om kommunal eigenandel, skal tilskotsmidlane ikkje brukast til å dekkje denne kostnaden.

Resultata av innovasjonsprosjekta skal dokumenterast, og Fylkesmannen skal gjere ei vurdering av i kva grad prosjekta har overføringsverdi til andre kommunar. Fylkesmannen skal vidareformidle resultata frå prosjekta til andre kommunar og stimulere til læring og erfaringsutveksling.

Korleis søkje

Søknad skal fyllast ut i vedlagde søknadsskjema med eventuelle vedlegg. Søknaden blir å sende til:

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Rapportering på motteke tilskot

Det blir opplyst i tilskotsbrevet om rapporteringsfrist og krav til rapportering for eventuelt tilskot ein får i 2017.

Rapportering skal utførast i vedlagde rapporteringsskjema med vedlegg.

Les meir i regelverk for tilskotsordninga