Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Endringar i nasjonale rutinar for svangerskapsundersøkingar av kvinner som er RhD-negative

Helsedirektoratet ber kommunane informere fastlegekontor og helsestasjonar om ny rutine i svangerskapsundersøkingar av kvinner som er RhD-negative.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.02.2017

Ny mellombels rutine

Er den gravide RhD-negativ og ikkje alt har antistoff mot RhD, skal ho få tilbod om RhD-typing av fosteret i form av ei ny blodprøve (12 ml EDTA blod) i svangerskapets veke 24. Blodprøven skal vanlegvis takast på fastlegekontor eller hjå jordmor, men kan også takast på sjukehus viss kvinna likevel er der til oppfølging av svangerskapet i veke 24.

Det vert no laga eit nytt rutinemessig tilbod om analyse av RhD-status hjå foster der den gravide er RhD-negativ. Den gravide skal framleis ta prøver til blodtyping i svangerskapets 8.-12. veke.

Det er viktig at kvart enkelt fastlegekontor og helsestasjon gjer det tydeleg kva ordningar som gjeld lokalt. Detaljert informasjon for dei ulike regionale helseføretaka ligg som vedlegg i høgre marg.

Målet er å ha klar ei permanent ordning innan 01. juli 2017.

Vi viser elles til vedlegget.