Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Avgjerd i tilsynssak om pasient med samansett sjukdomsbilete

Fylkesmannen meiner at helsehjelpa ikkje var forsvarleg, og at pasienten på eit tidlegare tidspunkt burde ha fått ein koordinator for behandlinga i spesialisthelsetenesta.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.03.2016

Pasienten hadde eit samansett og komplisert sjukdomsbilete med både psykisk og kroppsleg liding. Behandlinga kravde samarbeid mellom ulike avdelingar i Helse Førde. Pasientens pårørande klaga på dårleg samhandling og for tidlege utskrivingar frå sjukehuset. 

Fylkesmannen meiner at pasienten på eit tidlegare tidspunkt enn det som går fram av saka, burde ha fått ein koordinator for behandlinga i spesialisthelsetenesta, slik pasienten har rett på etter lova. Dette for å sikre betre samordning og gi pasient og pårørande nødvendig informasjon for å kunne ivareta rettane sine.

Pasienten hadde over ein relativt kort tidsperiode fleire inn- og utskrivingar frå spesialisthelsetenesta. Vi meiner helsehjelpa ikkje var forsvarleg då pasienten ved den eine utskrivinga ikkje var ferdigbehandla og måtte innleggast på nytt under eitt døgn seinare.