Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Akuttmedisinsk beredskap i Solund kommune

Gjennom rapportar frå Helse Førde har Fylkesmannen blitt informert om at vaktlege i Solund kommune ikkje har svart på raud respons under oppkalling ved øvingsoppkallingar og ved ei konkret hending der AMK meldte raud respons på helseradio.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 12.01.2017

Fylkesmannen opna tilsynssak for å vurdere korleis kommunen sikrar forsvarleg beredskap i legevakta og korleis legevaktordninga nyttar naudnettet.

Kommunen skal syte for at personell får naudsynt opplæring og trening i eigne arbeidsoppgåver og sikre regelmessige øvingar i samhandling med andre akuttmedisinske tenester. Kommunen kan organisere legevakttenesta på ulike måtar, men må syte for at ein lege er på vakt heile døgnet. Å vere på vakt heile døgnet inneber at legevaktslegen skal vere tilgjengeleg på naudtelefon 24/7.

Tilsynsvurderinga syner at Solund kommune ikkje har sikra at legevaktlege er kontinuerleg tilgjengeleg 24/7.

Vi har bedt om ein tilbakemelding frå kommunen om korleis dei vil sikre innbyggjarane forsvarleg tilgjenge til øyeblikkeleg hjelp.