Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Søknad om godkjenning av utanlandsk separasjon eller skilsmisse

Når er det nødvendig å søke Fylkesmannen om godkjenning? 

 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.04.2014

Er du skild i utlandet og skal gifte deg på nytt, må den utanlandske skilsmissa godkjennast av Fylkesmannen. Skattekontoret vil krevje at denne godkjenninga er i orden, når den skal handsame søknad om prøvingsattest for å inngå ekteskap.

Er du separert i utlandet, må separasjonen godkjennast før Fylkesmannen kan handsame ein søknad om skilsmisse frå deg.

Send søknaden til Fylkesmannen i det fylket du er busett eller har opphald.

Krav til dokumentasjon
Skilsmisse- eller separasjonsdom (attest) i original eller kopi bekrefta av advokat, offentleg tenestemann eller profesjonelt kopieringsfirma. Skilsmissedokumentet må vere legalisert eller påført apostillestempel.

Oversetting av statsautorisert oversettar, dersom skilsmisse- eller separasjonsdommen (attesten) er på eit anna språk enn engelsk. Oversettinga må vere i original eller kopi bekrefta av advokat, offentlig tenestemann eller profesjonelt kopieringsfirma.

Apostille betyr at apostillestempel er påført originaldokumentet av mynda i det landet som dokumentet kjem frå. Dette landet har då underteikna Haag-konvensjonen (apostillekonvensjonen) av 5. oktober 1961 om å sløyfe kravet om legalisering av utanlandske offentlege dokument.

Her er lista over dei landa som har underteikna denne konvensjonen, kva mynde i dei aktuelle landa som har løyve til å påføre apostillestempel, og kontaktopplysningar.

Er ikkje landet medlem av Haag-konvensjonen er det eit krav at dokumentet vert legalisert. Legalisering betyr at utanriksdepartementet (ev. ambassade/konsulat) i det landet som dokumentet kjem frå har bekrefta at dokumentet er underskrive og utstedt av kompetent mynde. Ved spørsmål kan ein kontakte utanriksdepartementet i det aktuelle landet.

Krav til endeleg (rettskraftig) skilsmisse- eller separasjonsdom
Det må stå i dommen eller i eit anna godkjent dokument frå domstolen at den er endeleg (rettskraftig).

Skilsmisse/separasjon frå eit anna nordisk land
Ein separasjon eller ei skilsmisse skal ikkje godkjennast av Fylkesmannen dersom begge partar var nordiske statsborgarar og hadde adresse i eit nordisk land på søknadstidspunktetI eit slikt tilfelle vert separasjons- eller skilsmissedokumentet sendt direkte til Skatteetaten for registrering av ny sivil status.

Skilsmissa eller separasjonen må godkjennast av Fylkesmannen dersom ein av partane verken budde eller var statsborgar av eit nordisk land på søknadstidspunktet.

Dom frå utanlandsk domstol om annullering av ekteskap
Fylkesmannen handsamar også søknader om godkjenning av annullerte ekteskap. Annullering betyr at ekteskapet er kjent ugyldig av ein utanlandsk domstol. I desse sakene er dokumentasjonskrava og kravet om ei endelig (rettskraftig) avgjerd dei same som ved utanlandske skilsmisser.

Sakshandsamingstid 
Vi handsamer søknaden innan 2 veker etter at den er motteken.

Skjema
Søknad om godkjenning av utanlandsk skilsmisse - nynorsk
Søknad om godkjenning av utenlandsk skilsmisse - bokmål
Application form: Approval of foreign divorce

Kontaktpersoner