Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Søknad om fritak for plikta til å dokumentere skifte ved skilsmisse eller død

Kvifor må du dokumentere skifte med tidlegare ektefelle før du gifter deg på nytt?

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.04.2014

Er du skild eller enke/enkemann og skal inngå nytt ekteskap, vil skattekontoret be om dokumentasjon på at det er skifta med din tidligare ektefelle eller eventuelle arvingar, før skattekontoret kan handsame søknaden om prøvingsattest.

Å «skifte» betyr å dele det som du og din tidligare ektefelle eigde saman då de var gift (til dømes bustad, innbu, pengar).

Når er det ikkje nødvendig å søke Fylkesmannen om fritak for å dokumentere skifte?
Skattekontoret vil kunne godta eit av desse dokumenta

Ved skilsmisse:
1. Dokumentasjon frå skifteretten om at den skal handsame buet i det tidligare ekteskapet.
2. Erklæring frå din tidligare ektefelle om at eit privat skifte er sett i gang.
3. Erklæring frå din tidligare ektefelle om at det ikkje eksisterte formue i ekteskapet som skulle delast.
4. ”Erklæring om skifte”, dersom skilsmissa er over to år. Dette skjemaet får du hos Skatteetaten.

Ved dødsfall:
1. Erklæring frå arvingane til din avdøde ektefelle om at privat skifte er sett i gang.
2. Erklæring frå arvingane til din avdøde ektefelle om at dei er samde i at du som  attlevande ektefelle sit i uskifta bu.

Kan du legge fram eit av dei dokumenta frå denne oversikta, skal dokumentet sendast direkte til skattekontoret.

Når vil det være nødvendig å søke Fylkesmannen om fritak for å dokumentere skifte?
Fylkesmannen handsamar søknader om fritak for å dokumentere at det er skifta, dersom det er mindre enn to år sidan skilsmissa eller mindre enn to år sidan ektefellen din døde.

Søknaden skal sendast til Fylkesmannen i det fylket du er busett eller har ditt opphald.

Krav til dokumentasjon

Ved skilsmisse:
Original eller bekrefta kopi av skilsmissebevilling, dersom skilsmissesaken ikkje er handsama av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Er du skild i utlandet, handsamar Fylkesmannen din søknad om fritak for å dokumentere skifte saman med søknaden om godkjenning av utanlandsk skilsmisse. (Sjå eigen informasjon om utanlandske skilsmisser)

Ved dødsfall:
Dødsattest eller annan godkjent dokumentasjon på dødsfall til din tidligare ektefelle. Dokumentasjonen på dødsfallet må være i original eller kopi bekrefta av advokat, offentleg tenestemann eller profesjonelt kopieringsfirma. Attesten må vere påført legalisering eller apostillestempel.

Apostille betyr at apostillestempel er påført originaldokumentet av mynda i det landet som dokumentet kjem frå. Dette landet har då underteikna Haag-konvensjonen (apostillekonvensjonen) av 5. oktober 1961 om å sløyfe kravet om legalisering av utanlandske offentlege dokumenter.

Her er lista over dei landa som har underteikna denne konvensjonen, kva mynde i dei aktuelle landa som har løyve til å påføre apostillestempel og kontaktopplysningar.

Er ikkje landet medlem av Haag-konvensjonen er kravet at dokumentet vert legalisert. Legalisering betyr at utanriksdepartementet (ev. ambassade/konsulat) i det landet som dokumentet kjem frå har bekrefta at dokumentet er underskrive og utstedt av kompetent mynde. Ved spørsmål kan ein kontakte utanriksdepartementet i det aktuelle landet.

Sakshandsamingstid
Vi handsamar søknaden innan 2 veker etter at den er motteken.


http://www.hcch.net/index_en.php?act=conventions.text&cid=41
lenka til Haag medlemmer

Kontaktpersoner