Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Enklare å søkje om separasjon

Ektepar som ønskjer å gå frå kvarandre, kan no søkje om separasjon via eit elektronisk søknadsskjema.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 24.11.2015

– Det elektroniske skjemaet hentar inn opplysningar som er lagra hjå folkeregisteret. Skjemaet har hjelpetekstar som gjer det lettare å forstå framgangsmåten for å søkje. I tillegg er skjemaet laga slik at det ikkje kan sendas inn før alle opplysningane er kome med, seier prosjektleiar Jørgen Tistel.

Den digitale søknaden bidreg til at saksbehandlingstida for separasjonssøknadar blir kortare, og brukaren slepp å fylle ut papirskjema på gamlemåten.

Det er Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er initiativtakarar til å utvikle eit digitalt skjema. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har utvikla og leverer løysninga.

I ein overgangsfase, vil det framleis vere mogeleg å søkje om separasjon via det gamle papirskjemaet.

Kontakt

Ved tekniske problem i det elektroniske skjema skal du sende e-post til skjema@fylkesmannen.no

Hugs at du aldri skal sende fødselsnummer eller sentisiv informasjon på e-post.