Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Kongens fortenestemedalje til Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich

Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich fekk tildelt Kongens fortenestemedalje på premieren til Opera Nordfjord si 20-års jubileumsforestilling i Operahuset i Nordfjord 3. oktober. Ordførar i Eid kommune sytte for ei verdig utdeling av medaljane.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.10.2018

Ekteparet Pavelich kom saman til Nordfjordeid i 1989 som rektor og musikklærar på Eid musikk- og kulturskule. Saman har dei etablert og utvikla Opera Nordfjord, og gjennom deira kompetanse og evne til å bygge nettverk har dei sett Opera Nordfjord på kartet og blitt ein synleg del av operafamilien i Norge. Dei har vist ei eiga evne til å få med andre, og har målbevisst brukt kunsten sin i samfunnsbygginga. Dei har i tillegg til aktiv deltaking i samfunnslivet også bidrege med musikalske innslag i alt frå gravferder, selskap, bryllaup, kyrkjekonsertar, festivalar m.m.

Dei har gjennom sitt 20 år lange arbeid med Opera Nordfjord bidrege til at barn og unge, amatørar og songarar, samt mange frivillige, har fått utvikle sine talent og styrka sjølvtillit og identitet i samhandling med profesjonelle artistar på internasjonalt nivå. Dei har med sitt brennande engasjement for song, musikk, kunst og kultur klart å spreie denne elden til både Eidasamfunnet, Nordfjord og Sogn og Fjordane.  

Kontaktpersoner