Kongens fortenestemedalje til Kåre Hovland

Ordførar Jan Geir Solheim sytte for ei verdig overrekking av Kongens fortenestemedalje til Kåre Hovland på Husum Hotell i Lærdal.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Kåre Hovland har gjennom mange år arbeidd med å fremje kultur og kulturminne i Lærdal kommune. Han har lagt ned ein spesiell innsats på mange område, mellom anna i arbeidet med og utviklinga av den historiske Kongevegen. Kongevegen over Filefjell har fått både Europa Nostra-pris og Vakre vegars pris.
Som gardbrukar, lærar, forfattar og kulturvernar har han i ein mannsalder hatt ei sentral rolle i dokumentasjon og formidling av Lærdal kommune si historie og kulturhistorie. Han har vore redaktør med hovudansvar for bygdeboka i Lærdal og etablert eit lokalhistorisk arkiv som gjer råmaterialet tilgjengeleg for ettertida.
Kåre Gudmund Hovland blir skildra som ein samarbeidets mann, som er kjend for å løyse utfordringar med entusiasme og kreativitet. Han stiller gjerne opp i historisk uniform eller tilbyr kongevegvandring. Han legg ned eit stort engasjement og mykje kunnskap, både i arbeidstida og på fritida.