Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Kongens fortenestemedalje til Dag Fosstvedt

Dag Fosstvedt fekk tildelt Kongens fortenestemedalje og diplom under NM på Byrkjelo 18. august. Medalje og diplom vart utdelt av varaordførar i Gloppen, Magni Aa Berge.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 28.08.2018

Dag Fosstvedt har gjennom fleire tiår engasjert seg i frivillig arbeid, både for idrett, lag og organisasjonar. I friidrettsmiljøet har han bidrege både som utøvar, frivillig og trenar. Han har vore eit føredøme på frivillig innsats og for all glede og positiv aktivitet i ulike idrettsgreiner i kommunen. Han har også vore aktiv i Gloppen Røde Kors, både som tillitsvald og frivillig.

I ein alder av snart 90 år, er han er framleis aktiv fleire gonger i veka, både som frivillig på institusjonane innan eldreomsorga i kommunen, og ved å besøke einslege heimebuande.

Dag Fosstvedt har motteke fleire prisar, m.a. Gloppen kommune sin Kulturpris for 2014 og Sogn og Fjordane Røde Kors sin «Bry deg»-pris.

Han blir skildra som eit fyrtårn i frivillig arbeid i kommunen, både for lag og organisasjonar. Han har vore ein positiv faktor i dei miljøa han ferdast i.

Kontaktpersoner