Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Dronning Sonja deltok på jubileumsmarkering på Selja

H.M. Dronning Sonja deltok i går på markeringa av 950-årsjubileumet til Bjørgvin bispedøme, og opna Kystpilgrimsleia på Selja - Noregs eldste pilgrimsstad. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 09.07.2018

I 1968 besøkte dåverande Kong Olav og Kronprins Harald med Sonja Haraldsen øya Selja i samband med 900-årsjubileumet for Bjørgvin bispedøme. Dette var eit av dei første offisielle programma for det nyforlova paret. I går var Dronninga tilbake på Selja og med på markeringa av 950-årsjubileumet til bispedømet saman med omlag 700 tilresiande. 

Etter gudstenesta fekk Dronninga omvising oppe i Sunnivahola som ligg i fjellveggen bak klosteret, der St. Sunniva i følgje legenda døyde på 900-talet. Legenda om Sunniva var årsaka til at Olav Kyrre i omlag 1068 e. kr. oppretta eit vestnorsk bispesete på øya Selja. Bispesetet vart seinare flytta til Bergen der det ligg i dag.

 Selje kloster sett frå Sunnivahola. Foto: Mari Severinsen, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Selje kloster sett frå Sunnivahola. Foto: Mari Severinsen, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Opning av kystpilgrimsleia
Etter gudstenesta og omvisning i Sunnivahola opna Dronning Sonja Kystpilgrimsleia i Klostervaagen. Kystpilgrimsleia går frå Rogaland og opp til Nidaros i Trøndelag, og er eit samarbeid mellom fem fylkeskommunar og fire bispedøme. Kystpilgrimsleia er blitt ein del av Europeiske kulturvegar.  

 

 

Kontaktpersoner