Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Innføringskurs i forvaltningsrett for tilsette i kommunane

Universitetet i Bergen har i samarbeid med Fylkesmannen utvikla eit innføringskurs i forvaltningsrett berekna for tilsette i kommunane. Dette er ein pilot, eksklusivt for kommunane i Sogn og Fjordane.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 31.10.2018

Kurset blir halde av universitetet og er utarbeidd med tanke på dei som i ein del av stillinga si er saksbehandlarar/skriv vedtak innanfor t.d. pleie og omsorgstenesta, oppvekst og utdanningssektoren og teknisk etat – og har fagbakgrunnen sin frå desse felta. Fellesnemnaren vil vere at dei treng innsikt i og påfyll av regelverket som styrer ein forsvarleg saksbehandling.

Pensumet og gjennomføringa av kurset blir lagt opp slik at det er tilpassa arbeidssituasjonen til den tilsette, og skal vere praktisk til nytte i arbeidskvardagen deira. Det blir for det meste nettbasert undervisning, men med to samlingar ved universitetet i Bergen over to dagar, fokus på hovudreglar – og trening i vedtaksskriving innanfor den enkelte sitt fagfelt. Kurset blir avslutta med heimeeksamen, og vil gi 10 studiepoeng.

Kommunen skal nominere søkjarar til kurset, og fristen for dette er 02.11.2018.

Elles viser vi til vedlegga på høgre side, der du finn brev som har gått ut til kommunane om saka, emneskildring og presentasjon om kurset frå Universitetet i Bergen.