Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Sognefjorden Vel har klagerett i sak om Leikanger kraftverk

Miljødirektoratet har bestemt at miljøorganisasjonen Sognefjorden Vel har klagerett i to saker som gjeld utsleppsløyve for Leikanger kraftverk. Fylkesmannen har teke avgjerda til etterretning og vil handsame sakene på nytt.

 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.03.2018

Sognekraft AS fekk ved Kongeleg resolusjon i juni 2016 konsesjon for utbygging av Leikanger kraftverk i Henjaelvi og Grindselvi. I september 2017 gav Fylkesmannen to utsleppsløyve til Sognekraft AS i samband med utbygginga i Leikanger kommune. Løyva gjaldt dumping av tunnelmassar i Sognefjorden, og utslepp av reinsa tunnelvatn frå mellombels anleggsdrift.

Miljøorganisasjonen Sognefjorden Vel klaga på dei to løyva etter ureiningslova. Organisasjonen har som mål å vere eit talerøyr for berekraftig forvaltning av Sognefjorden, og å ivareta allmenne natur- og miljøinteresser knytt til fjordsystemet. Fylkesmannen vurderte klagen, men konkluderte med at Sognefjorden Vel ikkje var tilstrekkeleg representativ til å ha klagerett i saka. Vi la stor vekt på at samanslutninga hadde få medlemar, og at Sognefjorden Vel heller ikkje er tilknytt nokon nasjonal paraplyorganisasjon innanfor miljøvernområdet.

Miljødirektoratet har teke klagen frå Sognefjorden Vel til følgje og slått fast at organisasjonen har rettsleg klageinteresse. Sidan Sognefjorden Vel er ein miljøorganisasjon, representerer dei ikkje private, men meir allmenne natur- og miljøinteresser. Direktoratet meiner derfor at det ikkje kan stillast så strenge krav til medlemsmassen. Direktoratet peiker òg på at det er miljøorganisasjonane som ofte er dei næraste til å peike på allmenne miljøinteresser, og til å klage for å ivareta slike omsyn. Fylkesmannen si avvising er derfor blitt oppheva.

Fylkesmannen har teke avgjerda frå Miljødirektoratet til etterretning. Følgjene av vedtaket er at vi vil vurdere klagen frå Sognefjorden Vel på nytt.