Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Kalvåg får status som typisk turiststad om sommaren

Fylkesmannen har bestemt at Kalvåg i Bremanger kommune får status som typisk turiststad i perioden 1. juni til 31. august. Det betyr at utsalsstadar i Kalvåg kan holde ope på søndagar og helgedagar i denne perioden.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.07.2018

Ein «typisk turiststad» vil oftast vere ein mindre stad der salet i periodar hovudsakleg skjer til turistar. Andre kjenneteikn ved ein «typisk turiststad» er at dei faste innbyggjarane er få i forhold til talet på tilreisande/besøkjande. På slike stader vil dei næringsdrivande ofte vere avhengige av turistsesongen, då kundegrunnlaget er for lite til at dei berre kan overleve av sal til fastbuande.

I søknaden frå Bremanger kommune er det lagt avgjerande vekt på at omsetnadstala for daglegvarebutikken i Kalvåg er vesentleg høgare om sommaren enn elles i året. Vi har også lagt vekt på at talet fastbuande er lågt i forhold til besøkjande turistar i sommarmånadane.

Heimelen for godkjenninga er lov av 24. februar 1995 nr. 12 om helligdager og helligdagsfred § 5 sjette ledd, jf. andre ledd nr. 4.

Brevet til Bremanger kommune finn du til høgre på denne sida, saman med lenkje til aktuelt lovverk.