Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Typiske turiststadar i Askvoll kommune

Fylkesmannen har bestemt at øysamfunna Bulandet og Værlandet i Askvoll kommune får status som typisk turiststad for perioden 1. juni til 31. august.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 23.06.2017

Statusen som typisk turiststad opnar for at butikkar og andre utsalsstadar kan ha ope på søndagar og helgedagar i den perioden som er fastsett i forskrifta.

Ein «typisk turiststad» er til vanleg ein mindre stad der salet i periodar hovudsakleg skjer til turistar. Andre kjenneteikn ved ein «typisk turiststad» er at dei faste innbyggjarane er få i forhold til talet på tilreisande/besøkjande og at dei næringsdrivande ofte er avhengige av turistsesongen, fordi kundegrunnlaget er for lite til at dei kan overleve av sal til fastbuande.

Etter søknad frå Askvoll kommune, har Fylkesmannen vurdert at Bulandet og Værlandet fyller vilkåra for å bli godkjent som typiske turiststadar i sommarsesongen. I avgjerda har vi lagt vekt på at talet på fastbuande i Bulandet og Værlandet er lågt, samstundes som utsalsstadane har dokumentert ei høgare omsetning enn det talet på fastbuande skulle tilseie i juni, juli og august. Kommunen har også dokumentert stor turisttilstrøyming i den aktuelle perioden, og det er derfor godtgjort at dette i hovudsak skuldast sal til besøkande turistar.

Heimelen for forskrifta er lov av 24. februar 1995 nr. 12 om helligdager og helligdagsfred § 5 sjette ledd, jf. andre ledd nr. 4. 

Brevet til Askvoll kommune finn du til høgre på denne sida, saman med lenkje til aktuelt lovverk.