Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Strenge krav til søndagsopne butikkar

Fylkesmannen legg vekt på omsynet til arbeidstakarane sine interesser når søknader om søndagsope skal vurderast.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.11.2012

Etter lov om helgedagsfred kan Fylkesmannen gjere unntak frå reglane om butikkstenging på søndagar når det ligg føre "særlige grunner", og det er godtgjort at omsynet til arbeidstakarane ved utsalsstadene er ivareteke. I praksis har vi gitt løyve til søndagsopne utsalsstader i samband med marknads- og kulturdagar som Måløydagane, Sandane-dagane og liknande arrangement.

Kultur- og kyrkjedepartementet oppheva i 2007 vedtak om å tillate søndagsopne butikkar både under Sandane-dagane og Eidamessa. Departementet la til grunn at slike arrangement kan skape press på arbeidstakarane om å arbeide sjølv, om det er sett som føresetnad at berre dei som ynskjer det skal arbeide. Departementet omgjorde seinare eige vedtak slik at utsalsstadene på Sandane likevel fekk halde søndagsopent under Sandane-dagane 2007. Dette skjedde etter at departementet fekk dokumentasjon på at det lokalt på Sandane var gjensidig forståing mellom arbeidstakarane og arbeidsgjevarane om søndagsopne utsalsstader under arrangementet. 
 
Fylkesmannen vil etter dette føre ein strengare praksis med omsyn til å tillate søndagsopne utsalsstader. Det vil ikkje lenger vere nok at det ligg føre "særlige grunner”, og at det er opplyst at arbeidstakarane berre skal arbeide dersom dei sjølve ynskjer det. Det må også godtgjerast at det er gjensidig forståing mellom arbeidstakarane og arbeidsgjevarane om søndagsopne utsalsstader.