Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Lærdal kommune får status som typisk turiststad delar av året

Fylkesmannen har bestemt at Lærdal kommune skal reknast som typisk turiststad i perioden 1. juni. til 15. september.  Verknaden av dette er at  reglane i helgedagsfredlova om opningstider ikkje gjeld for utsalsstader i Lærdal kommune den delen av året.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.01.2015

Dette betyr at utsalsstader i Lærdal kommune kan ha ope på søndagar og helgedagar i perioden 1. juni til 15. september.

Ein «typisk turiststad» er til vanleg ein mindre stad der salet i periodar hovudsakleg skjer til turistar. Andre kjenneteikn ved ein «typisk turiststad» er at dei faste innbyggjarane er få i forhold til talet på tilreisande/besøkjande og at dei næringsdrivande ofte er avhengige av turistsesongen, fordi kundegrunnlaget er for lite til at dei kan overleve av sal til fastbuande.

Fylkesmannen har lagt avgjerande vekt på at omsetnadstala viser ein vesentleg auke for daglegvarebutikkane i Lærdal kommune om sommaren. Med vekt på omsynet til arbeidstakarane og at tala kan tyde på at det er sommarmånadane som har høgast omsetnad, har vi avgrensa perioden Lærdal kommune får status som typisk turiststad til perioden 1. juni til 15. september.

Heimelen for godkjenninga er lov av 24. februar 1995 nr. 12 om helligdager og helligdagsfred § 5 sjette ledd, jf. andre ledd nr. 4.