Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Korssund i Fjaler kommune er godkjent som «typisk turiststad»

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har i forskrift 12.07.2013 godkjent Korssund som «typisk turiststad» i perioden 15. juni til 15. august.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 18.07.2013

Dette betyr at utsalsstader i  Korssund kan ha ope på søn- og helgedagar i perioden 15. juni til 15. august.

Med ein «typisk turiststad» er det i første rekkje meint mindre stader der salet i periodar hovudsakleg skjer til turistar. Ein «typisk turiststad» er ein stad der dei faste innbyggjarane er få i forhold til talet på tilreisande/besøkjande. Ein typisk turiststad er vidare kjenneteikna ved at dei næringsdrivande ofte er avhengige av turistsesongen, fordi kundegrunnlaget er for lite til at dei kan overleve av sal til fastbuande.

Det går fram av søknaden frå Fjaler kommune at båtturisme og hytteturisme gjer at folketalet i Korssund i periodar blir mangedobla.

Fylkesmannen har i si avgjerd lagt vekt på at talet på fastbuande er lite i forhold til tal besøkjande. Fylkesmannen har vidare lagt vekt på at auken i omsetnaden i deler av sommarsesongen er på meir enn 100 %, og at dei næringsdrivande er avhengige av salet til turistar i sommarsesongen.

Med vekt på omsynet til helgedagsfreden og arbeidstakarane, og at tala kan tyde på at det er skuleferien som har høgast omsetnad, har vi avgrensa perioden Korssund får status som typisk turiststad til tidsrommet 15. juni til 15. august.

Heimelen for godkjenninga er lov av 24. februar 1995 nr. 12 om helligdager og helligdagsfred § 5 sjette ledd, jf. andre ledd nr. 4.

Du finn brevet til Fjaler kommune til høgre.