Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Balestrand sentrum får status som typisk turiststad

Fylkesmannen har bestemt at sentrum i Balestrand kommune får status som typisk turiststad i perioden 1. mai til 30. september. Det betyr at utsalsstader i sentrum av Balestrand kan ha ope på søndagar og helgedagar i denne perioden.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 30.03.2016

Ein «typisk turiststad» er til vanleg ein mindre stad der salet i periodar hovudsakleg skjer til turistar. Andre kjenneteikn ved ein «typisk turiststad» er at dei faste innbyggjarane er få i forhold til talet på tilreisande/besøkjande og at dei næringsdrivande ofte er avhengige av turistsesongen, fordi kundegrunnlaget er for lite til at dei kan overleve av sal til fastbuande.

Fylkesmannen har lagt avgjerande vekt på at omsetnadstala viser ein vesentleg auke for daglegvarebutikkane i sentrum av Balestrand om sommaren. Vi har også lagt vekt på at talet på fastbuande er lågt i forhold til besøkjande om sommaren, og at Balestrand har eit «merkenamn» som turiststad.

Heimelen for godkjenninga er lov av 24. februar 1995 nr. 12 om helligdager og helligdagsfred § 5 sjette ledd, jf. andre ledd nr. 4.

Brevet til Balestrand kommune finn du til høgre på denne sida, saman med lenkje til aktuelt lovverk.