Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Referat frå ansvarsgruppemøte

Formålet med ei ansvarsgruppe er å sikre tverrfagleg samarbeid, informasjonsflyt og koordinerte tenester, der hjelpebehovet til tenestemottakaren krev det. Møtereferatet er viktig dokumentasjon.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 18.09.2014

Det er vanleg å ha ansvarsgruppe for tenestemottakarar med hjelpebehov som krev tverrfagleg samarbeid og koordinering av ulike tenestetilbod. 

Ansvarsgruppa er ein samarbeidsarena for tenestemottakaren og tenesteytarane. Dei samarbeidande instansane kan til dømes vere barnevern, barnehage/skule, PPT, helsestasjon, fastlege, spesialisthelsetenesta og Nav. Det gjeld ikkje eigne lovreglar for ansvarsgrupper. Informasjonsutveksling mellom tenesteytarane er avhengig av samtykke frå tenestemottakaren eller anna rettsgrunnlag som fritek tenesteytarane frå den lovpålagde teieplikta.

Tenesteytarane pliktar til ei kvar tid å dokumentere informasjon som er relevant og nødvendig for tenesteytinga. Det er viktig for samarbeidet i ansvarsgruppa at deltakarane lett kan finne tilbake til informasjon om når det var møte, kven som var med, kva som var tema og kva som vart avtala. Møtereferatet dokumenterer innhaldet i møtet og sikrar at alle i ansvarsgruppa har den same informasjonen om dette. Det er vanleg at den som har kalla inn til møte, tek ansvar for at det vert skrive referat. Det kan godt vere ein av dei andre deltakarane som skriv. Referatet vert sendt ut til alle som var med i møtet, og alle får høve til å kome med merknader straks eller i neste møte. 

Møtereferata inneheld til vanleg teiepliktig informasjon som alle tenesteytarane pliktar å oppbevare i samsvar med reglane om teieplikt, personvern, lagring av personopplysningar og arkiv. 

Det kan vere aktuelt å sende kopi av referatet til samarbeidande instansar som ikkje var med i møtet, til informasjon. Da gjeld det vanlege kravet om samtykke frå tenestemottakaren eller anna rettsgrunnlag som fritek avsendaren frå den lovpålagde teieplikta.

Kontaktpersoner