Tilskott til opplæring av barn og unge som søker opphald i Noreg

Søknadsfrist:
15. august 2022
Målgruppe:
Barn og unge som søker opphald i Noreg
Ansvarlig:
Utdanningsavdelinga
Hvem kan søke:
Kommunar og fylkeskommunen
Kommunar og fylkeskommunen kan søke om tilskott til arbeidet med å gje barn og unge som søker opphald i Noreg opplæring. Tilskottet rettar seg inn mot barn og unge mellom 16 og 18 år, og gjeld både grunnskule og vidaregåande opplæring. Fristen for å søke om tilskott for våren 2022 er 15. august 2022.
 
 
Publisert 09.06.2022, Oppdatert 09.06.2022

Grunnskoleopplæring aldersgruppa 16-18 år

Barn og unge asylsøkarar og barn og unge som søker familiegjenforeining er omfatta av tilskottsordninga. Det eit krav at eleven oppheld seg lovleg i landet og at det blir gitt grunnskoleopplæring etter læreplanverket. Elevar i alderen 16-18 år utløyser statstilskott. Fyller eleven 18 år i løpet av skoleåret blir det gitt tilskott ut dette skoleåret. Kommunane søker Statsforvaltaren om tilskott. Når søknad om opphald er avgjort og asylsøkeren/eleven har flytta til bustadskommunen eller reist ut av landet, fell statstilskottet bort. Når søknad om familiegjenforeining er avgjort fell statstilskottet bort.

Vidaregåande opplæring aldersgruppa 16-18 år

Unge asylsøkarar og unge som søker familiegjenforeining er omfatta av tilskottsordninga. Det er eit krav at eleven oppheld seg lovleg i landet og at det blir gitt vidaregåande opplæring etter læreplanverket. Fyller eleven 18 år i løpet av skoleåret blir det gitt tilskott ut dette skoleåret. Fylkeskommunen søker Statsforvaltaren om tilskott. Når søknad om opphald er avgjort og asylsøkeren/eleven har flytta til bustadskommunen eller reist ut av landet, fell statstilskottet bort. Når søknad om familiegjenforeining er avgjort fell statstilskottet bort. Opplæring etter opplæringslova § 4a-1 andre ledd ("meir grunnskole") utløyser ikkje tilskott over denne tilskottsordninga.

Du finn lenke til meir informasjon og søknadsskjema  i høgremenyen.

Søknadsfrist:
15. august 2022
Målgruppe:
Barn og unge som søker opphald i Noreg
Ansvarlig:
Utdanningsavdelinga
Hvem kan søke:
Kommunar og fylkeskommunen