Stor auke i besøkstal på Solastranden i 2020

Solastrand, Jærstrendene. Foto: Statsforvalteren i Rogaland

Korona-året 2020 førde til ein stor auke i tal besøkjande i Jærstrendene landskapsvernområde. Jæren Friluftsråd har registrert opp mot 300 000 turgåarar på Solastranden aleine i 2020. Auken tydeleggjer verdien og behovet for den gjeldande besøksstrategien for Jærstrendene.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.02.2021

Jærstrendene landskapsvernområde er eit av landets mest besøkte verneområde, med tilnærma minst 1 000 000 besøkjande i året. Området har stor verdi for lokal og regional befolkning, samt gjester frå både inn- og utland.

Koronasituasjonen, som mildt sagt sette preget sitt på fjoråret, medførde at fleire enn normalt drog ut for å oppdaga eller gjenoppdaga turalternativa i nærområda sine. Dette har ein også merka på Jæren, ifølgje Jæren Friluftsråd.  

Jæren Friluftsråd forvaltar og tilrettelegg for friluftsliv i dei statleg sikra friluftsområda langs Jærstrendene. Eit av desse områda er Solastranden-sør, som omfattar strekninga frå Sola Strandhotell til Regestranden. Besøkstal friluftsrådet har henta frå personteljarar i området viser ein gjennomsnittleg auke på 43 % for 2020, samanlikna med 2019, med auke i alle månader utanom februar og september. Mars og juni hadde størst auke med 105 % og 135 %. Totalt besøkte 284 822 turgåarar friluftsområdet på Solastranden i 2020.

Solastranden ein hyppig brukt utfartsplass og det mest besøkte området i landskapsverneområdet. Her kjem både lokale og langvegsfarande for å drive friluftsliv, bading og surfing, turgåing og mosjon. Opplevingsverdiane er også knytte til det spesielle landskapet med sanddyner og har stor verdi for besøkjande med interesse for kulturminne, flora og fauna.

Ettersom nasjonale koronatiltak medførde reiserestriksjonar i store delar av 2020 er det rimeleg å tru at det er innbyggjarar frå vår eigen region som har vore flinke til å ta i bruk stranda mellom slaga på heimekontoret. Kanskje er det også nye grupper som har fått auga opp for det fantastiske landskapet me har på Jæren.

Forvaltning av verneområdet

Statsforvaltaren i Rogaland (tidlegare Fylkesmannen) er forvaltningsstyresmakt for Jærstrendene landskapsvernområde. Målsetjinga med forvaltninga er å ta vare på dei unike naturverdiane og samtidig gi god tilrettelegging og informasjon om natur- og kulturopplevingar for besøkjande.  

Såkalla differensiert forvaltning og kanalisering (målretta tilrettelegging) blir nytta som overordna strategiske grep for å balansere verneverdiar og friluftsinteresser. Det betyr at ein i nokre område tilrettelegg for friluftsliv og annan aktivitet, mens ein andre stader er meir restriktive med tilrettelegginga. Blant anna er skjerming av viktige fugleområde eit nødvendig tiltak.

Solastranden har eit velutvikla sanddynesystem. Sanddynemark er ein sjeldan og truga naturtype i nasjonalsamanheng, og er oppførd som sårbart (VU) på Norsk Raudliste for Naturtypar (2018). Erosjon og slitasje i sanddynene kan føre til at viktige natur- og kulturminneverdiar, som alle set stor pris på, får redusert kvalitet. Sanddynene på Solastranden er sterkt prega av slitasje i vegetasjonen, noko som fører til mogleg tap av trua artar, og mykje vindblåst sand inn mot vegen og flyplassen i aust. Me oppmodar derfor alltid turgåarar til å bruke strandflata, noko me ser dei fleste allereie gjer. Den nye svillestien ned til stranda ved Sola Strandhotel er eit godt døme på tiltak som gir betre tilgang, og samtidig reduserer slitasjen på sanddynene. Denne har høg kvalitet, og utført av Jæren friluftsråd.

Eit viktig verkemiddel i forvaltninga av verneområdet er Besøkstrategi for Jærstrendene landskapsvernområde. Besøksstrategien blei utarbeidd av Statsforvalteren i Rogaland, i godt samarbeid med Jæren Friluftsråd og  Rogaland fylkeskommune, i samråd med kommunane, og andre.

Det er laga ein eigen kartportal for besøksstrategien: https://www.temakart-rogaland.no/bsj. Denne gir oversikt over vernegrenser, sårbart dyre- og planteliv, kulturminne, noverande tilretteleggingstiltak og ikkje minst føreslåtte tiltak.

Vil du vite meir om natur, kultur- og friluftsverdiane eller forvaltninga langs jærstrendene kan du følgje nokre av lekkjene under:

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.