Invitasjon til nasjonal konferanse «Jordvern i landbruket» 5. desember

Nytt fjøs i Bjørheimsbygd. Foto: Anfinn Rosnes

Landbruks- og matdepartementet, Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag arrangerer konferansen «Jordvern i landbruket» måndag 5. desember.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.11.2022

Jordvern kjem stadig meir på dagsorden, logisk nok når vi ser på dei globale utfordringar som nå er. Vi er nå passert 8 milliardar menneske på jorda, og talet på dei som svelt aukar. Difor må vi har eit aktivt landbruk i heile landet, og mest mogleg av den dyrka jorda må nyttast til matproduksjon.

Landbruksnæringa må sjølve bidra

Det har viset seg at landbruksnæringa sjølve står for opp mot 20 prosent av nedbygginga av dyrka jord, stort sett som følgje av bygging av nye driftsbygningar. Det er ikkje enkelt unngå tap av jord ved utvikling av næringa, samstundes som det bør vere mogleg å redusere dette.

Korleis gjer vi det i Rogaland?

Anfinn Rosnes frå Statsforvalteren vil delta som innleiar og skal snakka om korleis vi gjer det i Rogaland. Han vil m.a. vise døme frå kommunar som har laga retningsliner om korleis landbruksbygg bør plasserast for å spare jord.

Meir informasjon om konferansen finn du i eiga nettsak, og det er lagt opp til digital deltaking med påmelding via denne linken.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.