Endring i forholdstal på 0,99 til 0,95 gjer ein reduksjon på om lag 11,3 mill. liter mjølk i Rogaland

Mjølkeproduksjonen i Rogaland skal reduserast med 11,3 millionar liter i 2023

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.12.2022

På grunn av endra forholdstal på mjølkekvota frå 2023 må Rogalandsbonden redusera mjølkeproduksjonen med om lag 11,3 mill. liter kumjølk frå 2022 til 2023. Dette viser ein førebels utrekning av disponibel kvote.

 

Etter kvotedrøftingar med Tine og faglaga, satt Landbruks- og matdepartementet forholdstalet på kumjølk til 0,99 i 2022. Det tilseier om lag 281,6 mill. liter disponibel kvote i Rogaland.

Den 29. november blei dei samde om å redusera forholdstalet for 2023 til 0,95. Reduksjonen utgjer ein reduksjon på om lag 11,3 millionar liter mjølk i Rogaland til neste år. Dette er ein førebels utrekning, dei endelege tala for disponibel grunnkvote vil vere klar etter utsendt kvotebrev i januar.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.