Statsforvalteren fikk nytt og kjønnsnøytralt navn 1. januar 2021. Det gamle navnet vårt var Fylkesmannen.

Avtale om nytt inntektssystem i kommunane

I går presenterte regjeringspartia, saman med Venstre, ein avtale om nytt inntektssystem for kommunane.

 

Denne saken er skrevet før 1.1. 2021 da Fylkesmannen endret navn til Statsforvalteren.

Publisert 22.04.2016

Avtalen er i retning av det inntektssystemet som var på høyring tidlegare i år, og det er ei uttalt målsetting at dette skal motivera til endring i kommunestrukturen.

Tidlegare enn venta

Regjeringa vil ha ein heilskapleg gjennomgang av inntektssystemet til kommunane, og dette blir sett i samanheng med kommunereforma. Det var venta at opplegget for eit nytt inntektssystem skulle komma i kommuneproposisjonen for 2017 i mai, men avtalen er alt nå på plass.

Ikkje same utteljing for kommunar som er frivillig små

I framlegget er det lagt opp til at kommunar som frivillig vel å vera små, ikkje får like mykje i basistilskot som i dag. Småkommunetilskotet og distriktstilskotet blir samla i ei ny tilskotsordning, der distriktsindeks og folketal blir viktige kriterium.

– Kommunar som sjølv vel å vera små skal ikkje lenger bli premiert for det, seier Helge André Njåstad (FrP), leiar av kommunalkomiteen på Stortinget.

Kva betyr dette for Rogaland?

Konkrete tal for kommunane i Rogaland ligg ikkje føre ennå. Departementet skal laga ei oversikt som viser verknadene for den enkelte kommunen, og det er lova at desse tala skal vera klare om ei veke.

Me kjem tilbake meir informasjon når dette er klart.

Avtalen mellom Høgre, FrP og Venstre finn du i høgremargen.