Regional ordning for kompetanseutvikling i barnehage

Regional ordning skal bidra til at alle barnehageeigarar gjennomfører kompetanseutviklingstiltak. 

Statsforvalteren, barnehagemynde, barnehageeigarar, lokal UH (universitet eller høgskolar) og andre relevante aktørar i Rogaland, skal samarbeide for å kartleggje behov for kompetanseutvikling og planleggje utviklingsarbeidet.

 

Samarbeidsforum for regional ordning i Rogaland

Samarbeidsforum for regional ordning i Rogaland prioriterer tiltak og bruk av middel i fylket sitt. Dei leverer ei årleg innstilling til Statsforvalteren som gir oversyn over kva tiltak som blir prioriterte, kven som skal delta og korleis midla skal brukast. Prioritering av tiltak skal vera forankra i ein overordna, langsiktig plan.

Samarbeidsforumet i Rogaland er samansatt av:

- Kommunene i Rogaland ved leiarane i dei regionale kompetansenettverka
- Høgskolen på Vestlandet 
- Universitetet i Stavanger 
- Utdanningsforbundet
- Private barnehagers landsforbund 
- Kommunesektorens interesseorganisasjon 
- Barnehagemynde

Statsforvaltaren i Rogaland sekretariat for samarbeidsforum.

Kompetanseregionar

Rogaland er inndelte i tre kompetanseregionar: 

Region NORD: Haugesund, Tysvær, Karmøy, Sauda, Suldal, Vindafjord, Utsira og Karmøy

Region MIDT: Stavanger, Sola, Kvitsøy, Randaberg, Strand og Hjelmeland,

Region SØR: Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time, Hå, Eigersund, Lund, Bjerkreim og Sokndal.

Alle regionane har ei styringsgruppe og eiga arbeidsgruppe.

Du finn deira planar i høgremenyen.

Sentrale punkter for ordninga er:

  • Barnehagen vurderer sitt behov for kompetanseutvikling
  • Samarbeidsfora utvikler ein langsiktig plan for kompetanseutvikling, basert på behova i regionen.
  • Kompetanseutviklingsplanen gir ein felles retning og  større forutsigbarhet for barnehagar, eigarar, universitet og høgskoler, og andre aktørar. 
  • Aktørane bidreg til samskaping og gjensidig læring som endrar praksis.
  • Universitet og høgskoler får ein meir praksisnær kompetanse.

 

Les meir om ordninga på nettsiden til Utdanningsdirektoratet