Inkluderande barnehage- og skolemiljø

Trenger de støtte i arbeidet mot mobbing? Utdanningsdirektoratet tilbyr kompetanseutvikling som skal styrke barnehagar, skolar og skoleeigarar sin kompetanse i å fremje trygge miljø gjennom å førebygge, avdekke og handtere mobbing og andre krenkingar.  

Publisert 07.02.2020 av Administrator

Inkluderande barnehage- og skolemiljø: samlingsbasert tilbod

Tilbodet skal styrke både regelverkskompetansen og den pedagogiske kompetansen til barnehagar, skolar, skoleeigarar og barnehagemynde, samt kompetanse i å drive kvalitetsutvikling lokalt.

Hovudinnhaldet i tilbodet er 1. Førebygging, avdekking og handtering av mobbing og andre krenkingar, 2. Utvikle og oppretthalde gode og trygge barnehage- / skolemiljø, og 3. Organisasjon og leiing, generell regelverkskompetanse og tverrfagleg samarbeid.

Nettkurs om inkluderande barnehage- og skolemiljø

På oppdrag frå Utdanningsdirektoratet har Høgskolen i Innlandet utvikla organisasjonsbaserte nettkurs om inkluderande miljø i barnehage og skole. Gjennom nettkursa vidareutviklar deltakarar og organisasjonar sin kompetanse i å fremme gode og trygge miljø, og førebygge mobbing og andre krenkingar.

Kompetansepakkar

Utdanningsdirektoratet har utvikla kompetansepakkar om trygt og godt barnehagemiljø, og trygt og godt miljø i SFO som gir fagleg påfyll og støtte til å utvikla praksis i skular og barnehagar.. Hausten 2021 kjem òg kompetansepakke om trygt og godt skulemiljø. Kompetansepakkane er gratis og du kan logga på med Feide eller oppretta ein eigen brukar.