Ordensreglement i skolen

Læring, tryggleik, trivsel, respekt og toleranse er sentrale føremål med opplæringa. For å fremje slike verdiar, og for å oppnå eit godt læringsmiljø for elevane, er det viktig å ha klare rammer. Felles reglar for heile skolesamfunnet kan bidra til å gi eit godt og trygt skolemiljø. Alle skolar skal difor ha eit ordensreglement.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.09.2021

Kven gjeld eit ordensreglement for?

Ordensreglementet rettar seg hovudsakleg mot elevar i grunnskole eller vidaregåande skole. Reglementet er også viktig for rektor, tilsette og foreldre/føresette til elevar ved skolen.

Reglane om ordensreglement i opplæringslova gjeld ikkje for opplæring for vaksne etter opplæringslova kap. 4A, eller ved opplæring i bedrift etter opplæringslova kap. 4.

Kven har ansvaret for å fastsette eit ordensreglement?

Det er kommunen eller fylkeskommunen si plikt å sørgje for at det blir fastsett eit ordensreglement for kvar skole dei eig. Det er ikkje nødvendig at skoleeigar ved kommunestyret eller fylkestinget sjølv vedtar ordensreglementet. Skoleeigar kan delegere mynde til å fastsetje ordensreglement, til dømes til rektor på skolen.

Korleis skal eit ordensreglement utformast?

Ordensreglementet er ei forskrift etter forvaltningslova § 2. Det betyr at til dømes samarbeidsutvalet, skolemiljøutvalet/skoleutvalet, elevrådet, foreldrerådet og dei tilsette sine organisasjonar ved skolen skal bli gitt høve til å uttale seg før ordensreglementet blir vedtatt, endra eller oppheva. 

Skolen må informere elevar og foreldre/føresette om ordensreglementet, til dømes ved utdeling til elevane og brev med heim. Skolen bør også gjennomgå reglementet i klassen og på foreldremøte, og ordensreglementet bør vere lett å finne på skolen si heimeside.

Det er viktig at elevar og foreldre/føresette gjer seg kjende med reglementet. Mange skolar krev derfor at elevar og foreldre signerer på at dei har lese og forstått reglementet. Reglementet er likevel ingen avtale, og er derfor gjeldande overfor elevane sjølv om dei ikkje har signert på at dei har lese og forstått reglementet.

Når gjeld ordensreglementet?

Ordensreglementet gjeld i skoletida, det vil seie i den tida barna/ungdommane er elevar. Det vil innebere både timar og friminutt, og aktivitetar som skoleturar. Dersom elevar på vidaregåande skole har fritimar og er utanfor skolen sitt område, vil ikkje dette bli omfatta av skoletida. Om forhold skjer i skolen sitt faktiske eller digitale rom, har ikkje betyding. Også det som skjer på skolen sitt intranett, læringsplattform, ved bruk av sms e.l. vil kunne omfattast av ordensreglementet.

SFO og leksehjelp er ikkje ein del av skoletida, og vil dermed ikkje bli omfatta av skolen sitt ordensreglement. SFO skal ha eigne vedtekter, og bør opprette sitt eige ordensreglement. Det bør også bli utarbeidd reglar for leksehjelpa. På ein del område kan slike reglar samsvare med reglementet for skolen, men det er til dømes ikkje heimel for bortvising frå SFO eller leksehjelp. 

I førearbeidet til opplæringslova blir det vist til at så lenge reglane blir grunngitt direkte i skolegangen, kan reglane til ei viss grad ha verknad utanfor skolen. Elevane si åtferd på skolevegen vil kunne bli omfatta av ordensreglementet.

Også gratis skoleskyss vil henge så tett saman med skolegangen at han vil kunne regulerast av ordensreglementet. Det inneber at det kan innførast sanksjonar mot til dømes mobbing og andre krenkingar, også når dette oppstår på skolevegen.

Elevane si åtferd på fritida kan ikkje regulerast i eit ordensreglement. Skolen kan til dømes ikkje krevje at eleven ikkje har med seg mobiltelefonen på skolen. Skolen kan likevel fastsette i ordensreglementet at mobiltelefonen ikkje kan brukast i skoletida.

Når det gjeld mobbing eller andre krenkingar, vil grensene mellom skole og fritid kunne viskast ut. Dette gjeld også for mobbing som skjer i det digitale rommet. Sjølv om krenkingane skjer utanfor skolen sitt område og utanfor skoletida, vil desse kunne sanksjonerast etter skolen sitt ordensreglement om dei er nært knytte til skolen og skolemiljøet. Mobbing eller andre krenkingar som skjer utanfor skoletida, og som er knytte til skolesituasjonen eller set preg på han, vil derfor kunne omfattast av ordensreglementet. Dette kan til dømes vere truslar som har direkte betydning for eleven sin skolekvardag.

Kva blir regulert i eit ordensreglement?

Ordensreglementet skal regulere elevane sine rettar og plikter på skolen, så lenge dette ikkje er fastsett i anna regelverk. Reglementet skal innehalde reglar om åtferd, reglar om kva sanksjonar som kan brukast mot elevar som bryt reglementet, og reglar om framgangsmåten når slike saker skal behandlast (saksbehandlingsreglar). Det er elles opp til den enkelte kommune, fylkeskommune eller skole å avgjere kva reglar ein ønskjer i ordensreglementet.

Ordensreglementet bør vise korleis skolen skal handtere mobbing og andre krenkingar. Reglane om skolemiljø i opplæringslova kapittel 9A må følgjast.

Reglementet bør oppdaterast jamleg slik at det også dekkjer utfordringar som kan oppstå i skolemiljøet som følgje av bruk av ny teknologi, til dømes digital mobbing.

Ordensreglementet bør ha reglar om til dømes ulovlege gjenstandar, rusmidlar og tobakk, juks, fotografering og bruk av internett og elektronisk utstyr (som mobil og nettbrett).

Det er ikkje heimel for å forby bruk av religiøse hovudplagg der andletet er synleg, som hijab og turban, i ordensreglementet. Eit slikt forbod vil truleg vere i strid med religionsfridomen, jf. EMK art. 9. Det kan vere høve til å fastsetje reglar i ordensreglementet for bruk av, eller forbod mot, hovudplagg som dekkjer heile eller deler av andletet i undervisninga, til dømes niqab eller burka, fordi desse klesplagga kan hindre kommunikasjonen mellom elev og lærar.

Dersom ordensreglementet har vedlegg, til dømes eit IKT-reglement, må det gå klart fram av ordensreglementet at vedlegget også er ein del av reglementet. Slike vedlegg må på same måte som resten av ordensreglementet høyrast.

Kva sanksjonar kan skolen bruke ved brot på ordensreglementet?

Ordensreglementet skal innehalde reglar om kva tiltak/sanksjonar som skal kunne brukast mot elevar som bryt reglementet. Sanksjonane må vere fastsette i ordensreglement.

Døme på sanksjonar:

  • inndraging av gjenstandar
  • bortvising
  • vere igjen på skolen etter at skoletida er slutt
  • meldeplikt til administrasjonen ved forseintkomming
  • merknad

Det er ikkje høve til å ha utestenging frå skoletur som sanksjon i ordensreglementet.

Reglar ved bruk av sanksjonar eller innføring av tiltak

Opplæringslova inneheld ikkje uttømmande saksbehandlingsreglar. Skolen/skoleeigar må derfor halde seg til dei generelle saksbehandlingsreglane i forvaltningslova, anten det dreier seg om forskrifter, vedtak eller enkeltvedtak.

Før det blir tatt ei avgjerd om bruk av sanksjonar overfor ein elev, til dømes om bortvising, skal eleven ha fått høve til å forklare seg munnleg overfor den som skal ta avgjerda.

Dei mest alvorlege sanksjonane for brot på ordensreglementet vil vere så bestemmande for eleven sine rettar eller plikter at det må fattast enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2. Eit enkeltvedtak skal vere skriftleg, innehalde grunngiving for vedtaket og informasjon om klagerett.

I avgjerda av om det dreier seg om eit enkeltvedtak eller ikkje, må skolen vurdere kor inngripande tiltaket eller sanksjonen er. Bortvising av ein elev frå skolen vil krevje enkeltvedtak. Bortvising av ein elev for inntil to klokketimar skal likevel ikkje reknast som eit enkeltvedtak, jf. forvaltningslova § 29.

I nokre høve må ein flytte ein elev til ein annan skole av omsyn til dei andre elevane. Dette vil vere eit tiltak etter opplæringslova § 9A-12. Ved eit så inngripande tiltak må skoleeigar fatte enkeltvedtak.

Det er viktig å oppretthalde eit godt samarbeid mellom skolen og heimen. Sjølv om ein sanksjon ikkje blir rekna som eit enkeltvedtak, bør derfor skolen informere foreldre/føresette om hendinga og reaksjonen som har blitt brukt. Også ved innføring av tiltak grunngitt i opplæringa, kan det vere behov for å kontakte foreldre/føresette.

Klageinstans

Statsforvalteren er klageinstans for enkeltvedtak i grunnskolen. I vidaregåande skole er fylkeskommunen ved fylkestinget klageinstans.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner