Trygt og godt skolemiljø, oppsummering 2020

I 2020 behandla Fylkesmannen (no Statsforvaltaren) 145 saker om trygt og godt skolemiljø. Aktivitetsplikta var broten i 96 av desse. I tillegg fekk vi mange meldingar som ikkje fører til vedtak.

Publisert 09.02.2021

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø. Skolen skal ha nulltoleranse mot krenkingar som mobbing, vald, diskriminering og trakassering, men òg for indirekte krenkingar som utestenging, isolering og baksnakking. Når skulen får mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har det trygt og godt, skal dei undersøke saka nærmare. Det gjeld òg dersom ein elev sjølv seier ifrå om at han eller ho ikkje har det trygt og godt. Dersom eleven opplever å ikkje ha det trygt og godt, skal skulen setja inn tiltak og utarbeide ein aktivitetsplan.

Dersom elev eller føresette ikkje er nøgde med korleis skolen følger opp saka, kan dei melde ifrå til Statsforvaltaren. Det er hovudsakeleg føresette som melder saker til oss. Vi fann at skolen ikkje hadde gjort det lova krev , og med andre ord brote aktivitetsplikta, i 96 saker i fjor. Skolen hadde oppfylt aktivitetsplikta i 14 saker. Vi fekk òg meldingar som vi følgde opp med rettleiing  og informasjon om elevane sine rettigheiter og skolen sine plikter. I fleire saker trakk meldar saka fordi skolen sjølv løyste saka.

Statsforvaltaren behandlar saker både frå grunnskulen og vidaregåande. I sakene som blei meldt i 2020, og det er som tidlegare stor overvekt av saker frå barnetrinnet, og færre saker på ungdomstrinnet og på vidaregåande. Det er ei jamn fordeling mellom jenter og gutar. Bakgrunnen for meldingane er mobbing og andre krenkingar, einsemd og utestenging, vaksne som krenker og bruk av makt og tvang.

Då skolane var stengde våren 2020, fekk vi naturleg nok svært få meldingar, og totalt fekk vi nesten 40 færre meldingar enn i 2019. Vi fekk flest meldingar frå dei store kommunane Stavanger og Sandnes.

Kommune/skoleeigar

Meldte saker

Egersund

1

Gjesdal

1

Haugesund

7

Hjelmeland

1

4

Karmøy

3

Klepp

2

Lund

3

Randaberg

4

Rogaland fylkeskommune

4

Sandnes

11

Sokndal

1

Sola

9

Stavanger

37

Strand

4

Suldal

2

Time

3

Tysvær

7

Vindafjord

2

Friskolar

12

 

Kontaktpersoner