Dette innholdet er skrevet før 2019 da antall fylkesmannsembeter gikk fra 16 til 10. Informasjonen kan være utdatert.

Minneord Ivar Odnes

Det var med stor sorg vi fekk meldinga om at vår kjære kollega og stortingsrepresentant Ivar Odnes døydde 5. oktober 2018, berre 55 år gammal. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.10.2018

Ivar vart fødd 25. mai 1963, vaks opp i Vågå i Gudbrandsdalen, og var busett i Østre Toten. Han var byggmeister, både i arbeidslivet og i politikken. I tillegg var han anerkjend som ein dyktig spelemann og folkemusikar, som gjerne bidrog med felespel i lystig lag.

Det er få som har prega opplandspolitikken like mykje dei siste tiåra som Ivar Odnes. Han starta sitt liv som folkevalt for Senterpartiet i Vågå, og seinare som fylkestingsrepresentant i heile fjorten år, med sentrale verv som opposisjonsleiar, leiar av rovviltnemnda, leiar av bedriftsforsamlinga i Eidsiva Energi og fylkesvaraordførar i seks år. I to år var han KS-leiar i Oppland, før han hausten 2017 fekk tillit som stortingsrepresentant. På Stortinget fekk han plass i transport- og kommunikasjonskomiteen, og såg fram til å arbeide for ein samferdselspolitikk som kom heile landet til gode. Han fylte rolla raskt, og mange av møta han hadde med folk vart dokumentert på nett under emneknaggen #iheisenmedIvar.

Ivar var ein kjernekar og brubyggjar, både raus og tydeleg, med glimt i auga. Han var eit inkluderande menneske som såg alle. Han var særs godt likt av kollegaer i alle parti og samfunnslag, og han etterlet seg eit tomrom som blir vanskeleg å fylle. Han fekk tidligare i haust ei alvorleg kreftdiagnose, og vart brått riven vekk etter ei stutt periode med sjukdom. Han delte ope og ærleg si historie med omverda.

Opplandssamfunnet har mista ei tydeleg stemme. Vi kjem til å sakne Ivar, både som person, politikar og samfunnsbyggjar. Vi sender vår djupaste medkjensle til Jorun, resten av familien og dei næraste.

Even Aleksander Hagen, fylkesordførar i Oppland
Aud Hove, KS-leiar og fylkesvaraordførar i Oppland
Sigurd Tremoen, fylkesmann i Oppland